Epletango 1 - 3 oktober 2010

Program

  fredag 1 oktober  
kl. 20.00 - Middag
kl. 21.00 - Milonga
  laurdag 2 oktober  
kl 09.00 - 10.00 - Frukost
kl. 10.00 - 11.30 - Verkstad 1 .
kl. 12.00 - 13.00 - Verkstad 2
kl. 13.15 - 14.00 - Lunsj
kl. 15.30 - Kaffi/te
kl. 16.00 - 17.00 - Verkstad 3
kl. 20.00 - Middag
kl. 21.00 -  Milonga
 
  sundag 3 oktober  
  kl. 11.00 - Føremiddagstango
kl. 12.30 - Avslutning
 
   
 

 

OVERNATTING
Det er høve til enkel overnatting i Mælen. Antal dobbeltrom er begrensa og her er berre ein dusj. Du kan bu i Kulturgalleriet, gamlestova, annekset, stabburet eller i naboen sitt trivelege tømmerhus - 200 meter lenger ned i bakken. Berre utedo her.

Overnattinga kjem i tillegg til påmeldingsavgifta.

Prisar for overnatting:
Har du med deg eige sengetrekk (laken, dyne- og putetrekk) betaler du kr. 250.- for ei seng i to netter. Tillegg for leige av sengetrekk kr. 100.- (Meld frå om dette på førehand)


Ei seng i dobbeltrommet i Kulturgalleriet kostar kr. 500.- for helga.
(Sengene er oppreidde og rommet er reservert).

Vil du ligge på madrass på golvet ein eller annan stad betaler du kr. 100.- for overnattinga.

Beløpet for overnatting kan du legge til påmeldingsavgifta på kr. 1300.- og betale under eitt. Det er veldig greitt å vera ferdig med det!

Har du andre ynskje,  er det mange overnattingplasser i nabobygda Herand - 6 km unna.
 

 
  PÅMELDING
Påmelding m/partnar.
Samla beløp betaler du til kontonr.3450.36.46562
"Epletango" v/ RWJohnsen, 5627 Jondal
innan 20. sept.