|
OVERNATTING Det er høve til enkel overnatting i Mælen. Antal dobbeltrom er begrensa og her er berre ein dusj. Du kan bu i Kulturgalleriet, gamlestova, annekset, stabburet eller i naboen sitt trivelege tømmerhus - 200 meter lenger ned i bakken. Berre utedo her.
Overnattinga kjem i tillegg til påmeldingsavgifta.
Prisar for overnatting: Har du med deg eige sengetrekk (laken, dyne- og putetrekk) betaler du kr. 250.- for ei seng i to netter. Tillegg for leige av sengetrekk kr. 100.- (Meld frå om dette på førehand)
Ei seng i dobbeltrommet i Kulturgalleriet kostar kr. 500.- for helga. (Sengene er oppreidde og rommet er reservert).
Vil du ligge på madrass på golvet ein eller annan stad betaler du kr. 100.- for overnattinga.
Beløpet for overnatting kan du legge til påmeldingsavgifta på kr. 1300.- og betale under eitt. Det er veldig greitt å vera ferdig med det!
Har du andre ynskje, er det mange overnattingplasser i nabobygda Herand - 6 km unna. |